tirsdag 24. november 2009

Goddag mann DrosjeSkaft

Etter å ha vore vekke frå bloggen min ei god stund, av ukjente og fullstendig elendege grunnar, så gjer eg eit nytt forsøk på å skriva litt glede og litt sorg inn i dei som skulle mangla noko å gjera på fritida.

Eg var på Nesttun ein tur i dag, nær det gamle postkontoret i bydelen. Arbeidsfolk var i ferd med å tømma lokaler for møblement, då ein drosje parkerte rett utanfor containarane som møblane vart tømt i. Ut av drosja kom ei gamal kvinne med krykke og ein alder eg berre kan draume om å koma opp i. Ho skulle tydeleg til postkontoret, og fekk hjelp av drosjesjåføren å koma seg ut av bilen. Eg såg på sjåføren at han såg at postkontoret ikkje lenger var å finna der han hadde køyrt ho. Men han sat seg likevel inn i bilen att og skulle til å køyra då eg stogga han. Den gamle kvinna sto med inngangen til det stengte postkontoret, der ho fekk beskjed om at det nye postkontoret var heilt på andre sida av Nesttun - i det nye kulturhuset. Eit kort stykke for ungføter, men for pensjonerte apostlane sine hestar, er det eit godt stykke å gå.

Eg spurte sjåføren, «Burde du ikkje køyra passasjeren din til det postkontoret som er opent?» Drosjesjåføren kikka på meg og svara, «men eg visste ikkje at dette var stengt!», korpå eg sa, «...men no veit du det» medan eg peika på den gamle dama som kom vaggande mot bilen att.

Drosjesjåføren køyrde sin veg - utan den eldre kvinna. Så eg endte med å køyra den gamle dama til det nye postkontoret. Det kosta meg eit par minuttar ekstra, men hadde kosta ho ein halvtime med tung gange om ho skulle gå sjølv. Eg skriv ikkje dette for å få Nobels pris for gode gjerningar, men eg skriv dette fordi eg i forbannelse ser at drosjesjåføren ikkje gidd å ta denne dama med og køyre ho til destinasjonen ho faktisk har bedt om å koma til. Det hadde kosta han eitt minutt óg, men så langt var han ikkje viljug til å strekka seg.

Vel, slik er det for nokon. Men heldigvis ikkje for alle.