tirsdag 24. november 2009

Goddag mann DrosjeSkaft

Etter å ha vore vekke frå bloggen min ei god stund, av ukjente og fullstendig elendege grunnar, så gjer eg eit nytt forsøk på å skriva litt glede og litt sorg inn i dei som skulle mangla noko å gjera på fritida.

Eg var på Nesttun ein tur i dag, nær det gamle postkontoret i bydelen. Arbeidsfolk var i ferd med å tømma lokaler for møblement, då ein drosje parkerte rett utanfor containarane som møblane vart tømt i. Ut av drosja kom ei gamal kvinne med krykke og ein alder eg berre kan draume om å koma opp i. Ho skulle tydeleg til postkontoret, og fekk hjelp av drosjesjåføren å koma seg ut av bilen. Eg såg på sjåføren at han såg at postkontoret ikkje lenger var å finna der han hadde køyrt ho. Men han sat seg likevel inn i bilen att og skulle til å køyra då eg stogga han. Den gamle kvinna sto med inngangen til det stengte postkontoret, der ho fekk beskjed om at det nye postkontoret var heilt på andre sida av Nesttun - i det nye kulturhuset. Eit kort stykke for ungføter, men for pensjonerte apostlane sine hestar, er det eit godt stykke å gå.

Eg spurte sjåføren, «Burde du ikkje køyra passasjeren din til det postkontoret som er opent?» Drosjesjåføren kikka på meg og svara, «men eg visste ikkje at dette var stengt!», korpå eg sa, «...men no veit du det» medan eg peika på den gamle dama som kom vaggande mot bilen att.

Drosjesjåføren køyrde sin veg - utan den eldre kvinna. Så eg endte med å køyra den gamle dama til det nye postkontoret. Det kosta meg eit par minuttar ekstra, men hadde kosta ho ein halvtime med tung gange om ho skulle gå sjølv. Eg skriv ikkje dette for å få Nobels pris for gode gjerningar, men eg skriv dette fordi eg i forbannelse ser at drosjesjåføren ikkje gidd å ta denne dama med og køyre ho til destinasjonen ho faktisk har bedt om å koma til. Det hadde kosta han eitt minutt óg, men så langt var han ikkje viljug til å strekka seg.

Vel, slik er det for nokon. Men heldigvis ikkje for alle.

mandag 30. mars 2009

Fordømt idiotkøyring

Dette er ei melding til alle de ungdom som har sertifikat, og som ikkje forstår at ein kan døy av å køyra for fort.

Det er blitt nokre månader sidan eg flytta ut i Øygarden. Sidan då har eg pendla til og frå arbeid på Straume. Det tek meg kring 40 minutt - pluss minus. I førre veke kom eg køyrande, som vanleg, kring kvart på åtte om morgonen mot Ågotnes. Det er ein sving rett før Ågotnes, der fartsgrensa vert anbefalt ned til 50 kilometer i timen. Det er ein krapp sving, som eg ofte senker farten når føret ikkje er bra. Denne særskilte morgonen var det heilt greitt føre, og eg køyrte som vanleg med radioen på og eit smil lurande i munnvikende. Det var nemleg vår i lufta og eg vert alltid glad når våren kjem på sine første vitjingar.
Men så kjem bilen. I motgåande felt kjem du susande mot meg i MI køyrebane. Farten er så stor at eg omtrent får hjartestans når eg ser bilen koma mot meg. Vedkommande sjåfør kastar seg inn i eigen køyrebane, og klaringa er nokre få centimeter frå min eigen bil. Attende sit eg i bilen med ein følelse av at livet brått kunne enda der og då. Eg køyrde i fartsgrensa, og han rasa langt over fartsgrensa. Det hadde vore slutt på flekken. Idioten, om eg får vera så ærleg å kalla deg det, hadde ikkje gjeve meg tid til å få livet mitt passera i revy før det var slutt. Det gjekk så ugudeleg fort, og eg kan ikkje forstå kvifor. I etterkant har eg tenkt på dette. Kva i alle dagar er det som går gjennom skolten på desse folka. Det må då vera eit minstekrav for å få sertifikatet på bil å ha ein hjerne som fungerer. Er det slik at den sluttar å fungera når ein set seg i bilen utan køyrelærar eller sensor?
Vedkommande kom seg nok heim eller til jobb denne morgonen òg. Ellers ville nok eg eller nokre av mine kollegaer skrive om det i Vestnytt. «28-åring køyrte seg i hjel» eller «Øygardens trafikkdrepte nummer…» og så vidare.
Det er diverre ikkje første gongen eg opplever ein nær-døden-oppleving på vegen mellom arbeid og heim. Det er faktisk tredje gongen eg opplever dette. Første gongen var det ein idiot av ein ungdom som kom inn i Kolltveittunnelen. Eg, kona og begge jentungane mine var i tunnelen på veg mot Straume. Inn i tunnelen kjem ein ungdom i ei gamal kasse av ein bil. Han kjem så fort inn i svingen at han faktisk (og eg overdriv ikkje) kjem seglande på to hjul over i motgåande køyrebane. Av ein eller annan merkeleg grunn klarar han å koma seg på alle fire, og veggrepet på den gamle skranglekassa hans reddar liva våre. Hadde han mista kontrollen, så hadde han etter alle høve brasa inn i tunnelveggen, for så å treffa oss med full tyngde. Me hadde truleg vorte drept heile gjengen.
Andre gongen eg opplevde dette var òg ein ungdom. Dette var rett utanfor den same tunnelen. Eg var på jobb og på veg inn i tunnelen, og traff ein elektrikarbil, med ein ungdom inni i motgåande. Mannen hadde så stor fart i svingen at han omtrent vart kasta over i mi køyrebane, før han klarte å slingra seg inn i eigen bane då han passerte meg.
Eg treng ikkje gjenta banneorda som rann ut or munnen min den dagen - eller dei andre gongene for den sakas skuld.
Det får vera grenser. Det er ikkje rart me har høge tal i dødsstatistikken på trafikkdrepte. Folk må ta med seg hovudet når dei set seg i bilen. La meg gje dykk tre, som heldt på å drepa meg og min familie, ei melding. Ikkje oppfør dykk som supermenn. For det er dykk ikkje. Trafikkidiotar er heller eit meir nærliggande begrep å nytta på dykk.
Samstundes vil eg koma med ei bøn til all ungdom med sertifikat, og som klør i høgrefoten når de køyrer på vegane med dei gamle bilane dykkar:
– Ver så snill og tenk når de køyrer. Eg har så utruleg lite lyst å ta bilder av restane av den knuste bilen dykkar. Eg har så lite lyst å skriva om at nettopp DU er drept fordi du køyrde for fort.

lørdag 28. mars 2009

Nokon fleire?

Frå den tida eg var liten sprett heima på Voss, hugsar eg ei særskilt historie. Eg var på Vangen med foreldra mine, og eg var ganske nøygd med det. Det var ikkje så ofte at me småongane fekk vera med å spasera i vangsgata, men denne laurdagen var eit unnatak.

Medan me gjekk bortover gata, såg eg brått ein tunglasta personbil parkera rett ved sida av der me sto. Inne i bilen var det skoddehav, er det næraste eg kjem ei forklaring på korleis det såg ut. Alle fem dørene opna seg og ut velta det den eine ungen etter den andre. Foreldra kom dettande ut - tett fulgt av ein drøss med onga. Det var som om det varte i ei heil æve, der eg sto, liten som ein plugg, og kikka på denne massen av kroppar som elta seg ut av den stakkars Volvo Amazonen av fargen brun. Hugsar eg ikkje heilt feil, var det minst hundre smårollingar som spratt ut. Det er eigentleg eit rart minne, men eg klarer enno ikkje, og det no 27 år seinare, å rista av meg dette synet.

Ikkje berre var dei mange, denne stakkars familien, men det tok så jækla laaaaaaaaaang tid å få dei ut òg. Då dei endeleg sto utanfor bilen, frå A til Å, som ei lang rekke med tripp-trapp tresko, så såg eg kor mange dei var. Fire onga og to foreldre. Jeeezes tenkte eg. Så mange onga skal eg aldri ha. Herregud det er jo ein heil barnehage, nesten.

Vel, karmapolitiet banker somme tider på døra til dei som ler av andre. I dag kom det ein bil køyrande til Tjeldstø i Øygarden. Bilen parkerte utanfor den lokale landhandlaren, og ut av bilen velta det den eine ongen etter den andre - tett fulgt av ein morgontrøytt far...

...det var meg det, gitt, med fire onga på slep. So kan da gå :-)

onsdag 25. mars 2009

No kan alle kommentere her på bloggen

Eg har ei vedkjenning å koma med. Eg har trudd at berre brukarar av google og andre sære brukarar kunne kommentera på denne bloggen. Det synte seg at det var meg som har gløymt å legga til at anonyme òg kan kommentera bloggen. Dermed opner eg slusene og voner at fleire vil nytta seg av komentatorspalta på dei blogginnlegga eg publiserer på sida mi.

Lukke til. juhu.

søndag 22. mars 2009

Bæsj og reality

Det lukter dritt av realityseriane som rullar over fleire fjernsynskanalar for tida. Ein av desse som verkeleg luktar drit av er Paradise Hotel.
Ja, eg har funne eit bilde frå drittfjernsynsserien på nettet. Og eg har stole det.
Paradise hotel er som ekstremversjonen av Big Brother. Her er det om å gjera å ligga mest mogleg med kvarandre. Det er å kasta drit rake vegen inn i hovudet på folk. Dette seier sjølvsagt like mykje om folka som ser på dette, såvel som produsentar og framsyningskanalane. Eg vil samanlikna ein episode med Paradise Hotel med å la nokon drita ein i andletet og liggar der ein time med kabelen frå auge til auge. Ja, eg veit det er ekkelt, men det er jaggu desse fjernsynsgriseria òg. Det er faktisk så mykje truverd og kreditt eg gjev desse programma.

Når ein ser på kven som er med òg, så gjer det heile idiotien total. IQ-en til desse blondinene og desse brautande muskelbuntane til saman hadde gjort ein senil gullfisk til professor. Eg seier dette fordi eg ikkje kan unngå å detta innom desse programma på min veg frå NRK til Discovery Channel. Nokre sekund før fingrane mine har rukke å trykka seg vidare er nok til at eg føler meg dårleg, som om eg brått får akutt diarè. Ein gong så låste RiksTV-boksen seg då eg prøvde å zappa meg hurtig forbi. Det gav meg tre minutt med ufriviljug Ungkaren-kikking, og sjølv om eg brakk meg og snudde meg vekk, så var det for seint. Eg var allereie befengt med ungkaren, med sitt kartongtryne, siklande på alle damene som kastar seg etter han for å vinna gunsten til denne «hingsten» (legg merke til ironiens hermeteikn).

TVNorge har òg prøvd å overgå sine konkurrentar i kvalme program. Eg har høyrt om eitt program der folk vert utsett for lygndetektor, for så å verta plassert framføre kameraer, familie og ein utspørrande programleiar. Der må ein svara på om ein er kåt på alt frå hestar til fiskepuddingen til svigermor. Idiotane som deltek i dette, vinn ein pengesum om dei svarar «rett». Altså må ein ut med sanninga om ein er kåt på små hamster innpakka i tape. Dette er det me ser på mine vyrde lesarar.

...oj, så må eg ikkje gløyma den verste realityserien av dei alle. Nyhendene. Her får me servert sex, drap og narkoTIka i beste sendetid. Enkelt, dobbelt og trippeltdrap om kvarandre. Narkobaronar på rømmen og psykriatiske pasientar med tre liv på samvitet. Etterpå får me smilande vèrdamer med sine fingre over Noreg, før me fullfører kvalmen med flott sports-journalistikk med superlativer som får Børge Lillelien til å snu seg i grava.

onsdag 18. mars 2009

Nei, nei, nei! Kjære Pave Benedikt; dette kan du ikkje meine!

Eg er ein katolikk som er tru mot Den Heilage Stol. St. Peters ettefylgjar er ein heilag mann, men eg må diverre setta meg sterkt i mot utalelsane Pave Benedikt XVI kom med i Afrika i går. Det må då vera grenser for dumskap.
Foto funne på Wikipedia.org
Eg trur at livet er heilagt. Det er ikkje dermed sagt at eg er ein fanatisk motstandar av abort. Det betyr ikkje at eg fordømmer alt som heiter prevensjon. Då hadde eg og kona mi før det fyrste hatt ein haug med ungar. For det andre så er eg langt på veg samd i kritikarane sine påstander om at det hadde sett betre ut når det kjem til HIV og AIDS om Vatikanstaten hadde snudd på sine gamalmodige og innsnevra meiningar kring prevensjon. Dette har vore ein debatt som har vore krangla og debattert om i mangfaldige år.

Ein av dei store potensielle reformatorane i pavestaten var kardinal Albino Luciani, som i 1978 vart utpeika til pave. Han tok namnet Johannes Paul I, men fekk berre 33 dagar som Peter sin vikar før han døydde av svakt hjarte den 28. september. Ein av dei store visjonane til Johannes Paul I var ein reformasjon i den katolske kyrkja når det kom til debatten kring prevensjon. Hadde han fått leva litt lenger, så kunne den katolske kyrkja sett svært annsleis ut enn det den gjer i dag. Istaden kom kardinal Karol Józef Wojtyla seglande ut av den polske undergrunnsrørsla blant prestar og vart Pave Johannes Paul II. Mediapaven som Johannes Paul den andre vart kalla, var ein god pave på mange måtar. Han var den som opna Vatikanet for omverda. Han gjorde den vesle staten i Italia til ein open stat. Men samstundes var Johannes Paul II ein svært konservativ pave, og i likheit med nolevande Benedikt, var han ein sterk motstandar av prevensjon.

Som katolikk gjer det meg vondt å sjå at Benedikt XVI nok ein gong uttalar seg i ei sak som får sinnene i kok. I ei tid der økumenisme og forsoning må vera tema blant kristne i ei krigs- og sultramma verd, kan ikkje sjefen for ein milliard katolikkar uttala at kondomar vil gjera det verre i Afrika i høve til HIV og AIDS-epedemien som rammar så mange afrikanarar, særskilt i sørlege delen av kontinentet. Det er den same delen der katolisismen står sterkast. I staden meiner han løysinga føreset «ei åndeleg og menneskleg oppvakning», samt venskap mellom dei som lir av sjukdomen. «AIDS er ein tragedie, som ikkje kan overvinnast med pengar åleine. Den kan ikkje overvinnast med å dela ut kondomar, som til og med kan forverra problemet», sa paven som tysdag landa i Kamerun.

Eg stiller meg ikkje bak desse uttalelsane. Eg er ikkje samd i det min eigen sjef i Roma seier. Eg er svært usamd, og vil gjerne påpeika det her og no. Eg vert vonbroten når ein kjem med slike utalelsar. Berre så det er sagt.

tirsdag 17. mars 2009

Produktlureri og miljøsvineri!

Dette blir denne bloggen sin første forbrukartest - eller forbrukarslakt om ein vil kalla ein spade for ein spade. Eg har lenge irritert meg over latterlige og svært unødvendige produkt som til dømes drikkeprodusentane prakkar på oss i butikkane. No kan ein sjølvsagt argumentera at ein berre kan gå forbi hyllene, noko eg plar gjera. Men det er ikkje alle som gjer det. Mange kjøper dette dagleg.
Produsentane utnyttar det faktum at folk vil ha mangfald i vareutvalet. Dei utnytter det faktum at folk har pengar, og er meir enn viljuge til å bruka dei på heilt latterlige falske behov. Dette er behov som oppstår i det ein ser noko nytt i butikkhyllene. Eg har sjølv gått mange gonger i fella.

Sist eg gjekk i fella var i går. Eg skal vera sunn for tida, så eg kikka etter noko som kan leska strupen (utanom brus eller andre kreftframkallande drykk). Det var då eg såg Bendit Smoothie - ei lita søt flaske med mango, banan og pasjonsfrukt-smak. Eg tenkte der eg sto at «jaja. Det skadar vel ikkje å forsøka», så eg grabba til meg denne vesle flaska og såg ikkje i det heile på prisen. 18 kroner betalte eg for 250 ml med væska. 18 kroner er greit nok, om drykken er god. Men Bendit Smoothie smakte rein drit. Fytti grisen, tenkte eg, attende på jobb, då eg skulle svelga denne tjukke grauten av noko dei skryt ikkje er konsentrat. I alle høve smakte det drit. Eg kasta det i frå meg, og sat der like lite tilfredsstilt som ein fjortenåring på komfeleir.

Etter dette bestemte eg meg for å kjøpa fire sortar med unyttig drykk ein får i dei fleste norske butikkhyller. Her er dommen:
Bendit Smoothie, mango, banan og pasjonsfrukt. For det første smakar den drit. Den er altfor liten i høve til prisen, og eg (kjøparen) føler meg verkeleg snytt etter at eg har smakt den. Dette produktet er totalt ubrukeleg og fullstendig bortkasta i høve til å spara samfunnet for unyttig emballasje. 18 kroner for dette produktet er landveisrøveri. Det hjelp lite at plastikken er resirkulert. At dei har tatt namnet Bendit, må bety at ein frå eit sterkt behov for å «bendit» foran doskåla etter å ha drikke den opp.
Kjære Bama - ver snill å fjern dette produktet frå vareutvalet dykkar



Øko Cola frå Grans minnar meir om heimelaga brus på desse brusmaskinene eg hadde heime på 80-talet. Dårleg saft med halvkvalm kullsyre. Øko Cola gjev kjøparen inntrykk av at han er svært økologisk når han kjøper denne plastflaska (hugs at ein kilo plast er laga av to liter med olje). Det er så utruleg lite økologisk over denne plastflaska, sjølv om ho er pant på. Prisen er 12 kroner, og eg vurderer det slik at brukaren har så utruleg lite behov for ein økologisk cola i det heile. Skal Grans vera miljøbevviste, så la vera å laga slikt søl.

Kjære Grans - ver snill å fjern dette produktet frå vareutvalet dykkar!


Yogurt Drink frå Ehrmann er greit nok på smak. Eg har alltid likt drikkeyogurt, og kjøper einliteren som ein alltid har fått i butikkhyllene. Her kjem Ehrmann med sitt produkt. Fint og flott og med KUN 0,9 prosent feitt i produktet sitt. Ei slik flaske på 330 gram (det står det på pakninga) inneheld 80 prosent yogurt, mjølk og ti prosent frukt og konsentrat. Den koster den nette sum av 13 kroner. Fullstendig bortkasta.

Kjære Rema 1000, som sel Ehrmann sitt produkt - ver snill å fjern dette produktet frå hyllene dykkar!

Så kjem den store syndaren i mine auge:


Tine sin 40/60
Tine sin 40/60 der minstedelen er juice og resten vatn kostar 17,70 - altså nesten 18 kroner. Dette, mine damer og herrar, er juice blanda ut med vatn. Ein betaler 18 kroner for ein halv liter med utblanda juice. Om det ikkje kan kallast lureri, så veit ikkje eg. I tillegg smakar den faktisk - ja - for å vera heilt ærleg. Utvanna juice. Kjøper ein juice av billegaste sorten, får ein EIN LITER JUICE for under fem kroner. Blandar ein det med halvannan liter vatn (ca 40/60) så får ein altså 2,5 liter med same vare for, ja la oss seia fem kroner. Det betyr at ein får over åtte liter av same slaget som Tine sin 40/60 for 18 kroner. Det er faktisk RAN! Det er ikkje drykk. Det er ran på openlys dag.

Kjære Tine - ver snill å fjern dette produktet frå vareutvalet dykkar!

Eg brukte 60 kroner på å kjøpa inn desse flaskene. for seksti kroner kan eg kjøpa mange brød eller mykje mjølk. Eller eg kan spara dei på ei sparebøsse, og ta alle pengane det blir (om eg kjøper dette ei gong i veka) å senda dei til nokon som treng pengane meir enn meg.

Kjøper eg alt dette i løpet av ei veke blir det 240 kroner månaden på bortkasta drykk. Det blir 2520 kroner i året på desse fire flaskene kvar veke. Det verste er at folk kjøper dette. Dei brukar pengane på dette. Sjølvsagt er det ikkje berre produsentane som har ansvaret. Brukaren må òg kunne nytta hovudet av og til.

Kjøper ein ikkje slike produkt, så forsvinn dei ganske kjapt ut av marknaden. Berre så det er sagt.

mandag 16. mars 2009

Kristendom og poker

Eg gjekk med ein Pokerstars-gensar på arbeid førre fredag. Det var i utgangspunktet ein heilt vanleg gensar, og eg tenkjer ikkje vidare over om det er viktig for andre kva eg går med eller ikkje. På arbeidsstaden min deler me kjøkken med eitt anna firma. Eg skal ikkje nemna namn, men det er ein kristeleg organisasjon, av den lutheranske typen. Eg har mange gode vener der, som eg respekterer. Eg har hatt mange morosame diskusjonar om temaet kristendom med desse. Sjølv er eg katolikk. Eg har vore det sidan 2004. Dei siste åra har eg ikkje definert meg sjølv som aktiv (som går i kyrkja minst ei gong i veka), men eg har trua inntakt, og er sikker på det valet eg gjorde for mange år sidan.

Eg spelar i tillegg poker. Det har eg gjort i like mange år, og kanskje litt før eg konverterte. Pokerspelet begrensar seg til litt nettpoker og tre, fire kortkveldar på heimebane i månaden. Det er ikkje mykje pengar det er snakk om, og det er det sosiale kring kortspelet som er viktigast.
Eg og ein kamerat dreiv ei stund pokermagasinet.no. Hobbybasis, korkje meir eller mindre.

Denne fredagen kom eg med denne gensaren på meg. Ein frå denne kristelege organisasjonen kikka opp på meg og smilte lurt. «Tener du mykje? Hehe. Desse katolikkane (vendt mot sine eigne kollegaer) kan gjera kva som helst. Det er berre å få tilgjeving.» Humrande stemmer eg i med den vennskapelege kilevinken, og seier at det er lettare å vera syndar som katolikk enn som protestant. Sjølv om eg er overtydd over at denne kommentaren, og den polemikken som utspant seg i løpet av nokre korte minutt i lunsjen førre fredag var spøk, sat eg att med ei kjensle over at eg vart sett litt ned på fordi eg først og fremst er katolikk, men då ein katolikk som spelar poker.

I tidlegare tider var poker og alt som hadde med kort å gjera synd. Eg har høyrt historier om bestemødre som har snudd i døra og gått rasande heim då dei har oppdaga at borneborna spelar vri åtte. Eg er av den oppfatning at poker ikkje er synd. Spelet har så mange nivå - alt frå sunn sosial poker til hardcore knalltøff cashpoker med mange tusen kroner involvert. Men det føltes litt rart der eg sto - med gensaren frå PokerStars - hengande kring kroppen, medan eg måtte forsvara pokerspel som katolikk. I eit par sekund der var det eg som var bornebornet med kortstokken i hånda og ei sint bestemor med kristen syndeflod bølgande mot meg. Det skal jaggu meg ikkje vera enkelt.

lørdag 14. mars 2009

Minnestund på internett



Ein ungdom frå Øygarden gjekk tragisk vekk i førre. Det gjekk ikkje mange dagane før nokon i næraste familien laga ei minneside på Facebook. R.I.P-meldigar hagla inn frå dei som kjente han og dei som visste kven han var. Her kan ein melda seg på gruppa, og følga utviklinga i minnegruppa, som ein kan med alle andre grupper.

Det slo meg då eg kikka på denne sida at det må vera mange som gjer dette for sine næraste som døyr frå ein. Eit kjapt søk på fjesboka, avdekka meir enn 500 treff på R.I.P. Det er ganske mange for eit umiddelbart søk. Medan næraste familie tek farvel med sine avdøydde i ei minnestund, får så mange fleire moglegheita til å gje ei siste helsing til den personen som er avliden. Det tykkjer eg er svært flott, og ser med svært positive auge på den «nye» forma for minnestund.

I det høvet eg refererer til, har personen som oppretta gruppa, lagt ut bilete av vedkommande. Ein får moglegheita til å vera der inne. Sjå på bilete og lesa om personen ein har mista.

Dette er kanskje noko som har vore vanleg ganske lenge, men eg har ikkje sett det før no.

fredag 13. mars 2009

Eg skal beatblogge for Vestnytt

Kommunestyret i Øygarden, Ordførar Olav Martin Vik sit ved dirigentbordet med ryggen til. Foto: Kai i Vestnytt

Eg nærmer meg ei løysing, ei spanande og i vår region - eit innovativt kvantesprang. Etter at eg fekk høyra om beatblogging, og debatten som har pågått i mediekrinsar i Oslo, har eg snakka med nyhendeleiaren min for kanskje å prøva meg på direktekontakt med lesarane våre via denne bloggen.

Då snakkar eg om direktekontakt under eit kommunestyremøte i Øygarden. Frå før sender Radio Sotra direkte frå møtet, men det er kontakten mellom interessert lesar og meg som refererande journalist er eg interessert i. Eg veit ikkje når dette kan koma i stand, men eg er sikker på at me skal få dette til.

Om ein skal gjennomføra eit slikt prosjekt, så må ein annonsera dette godt på førehand, både på eigne nettsider i Vestnytt og via printutgåva. Eg føler leiinga er positiv til eit slikt prøveprosjekt, som vil føra lesaren endå nærmare journalisten i ein hektisk situasjon.

Beatblogging, so det så fint kallast, er blogging undervegs på eit møte eller ein annan happening. Journalisten legg då ut kva som skjer, kven som seier kva og bilete ut på bloggen sin etterkvart som møtet finn stad. Samstundes kan den ivrige lesaren følga med på møtet (i mitt tilfelle kommunestyremøtet), og koma med innspel og spørsmål. Denne typen formidlingar gjev store moglegheiter for både journalist, lesar og dei involverte politikarar. Det kan verta ein utfordring, men HEY. Ingenting er umogleg, det tar berre litt lenger tid!

torsdag 12. mars 2009

Kai, tørre skjever, trim og feitakudla

Det er ikkje noko problem å gå turar når veret og kveldane er slik. Foto: Kai

Eg har begynt å eta sunt. Det har vore på tide ganske lenge, men det har faktisk aldri blitt noko av. Måndag byrja eg att med sunt kosthald og mykje kroppsleg aktivitetar. Eg går turar kvar kveld. Ei halv mil - frå huset og til Hjelme kyrkje. Det er berre så utruleg trist at når eg må kutta alt det som er «godt», eller som får maten til å smaka litt betre, så blir eting ei kjedeleg prosedyre. Kvar morgon lagar eg meg seks blingsar med kjøttpålegg. Det er det eg får i meg før eg kjem heim og lagar middag. Eg vil ikkje bli slik.

Det fell ned til dette. Enten så et eg kva eg fandens meg vil, og blir feit som ein gorilla, eller så sagar eg meg gjennom tørre skjever med tørt pålegg og held vekta på eit akseptabelt nivå. Trimmar eg i tillegg så går eg ned. No er vektreduksjon ikkje det viktigaste. Men eg kjenner meg så mykje betre når eg har fått trimma litt. Eg kjenner det på sjølvkjensla og eg merkar det på humøret.

Etter ein vinter med storm kuling og regn i vannrett stilling, har det no blitt enklare å gå turar i hurtig tempo med to stigningar, som gjev meg fruktsam pulshøgde. Eg føler det enklare å trimma no når véret er betre. Men det er då atter ein gong plagande rart at det er «kjedeleg» å gjera slike tiltak. No tar det riktignok langt tid å verta feit, om ein ikkje tar omsyn på kva ein et og kor mykje ein bevegar seg, men det tar jaggu meg lang tid å redusera på vekta og auka sunnheitsfaktoren i kroppen òg.

Dette er trivielle problem. Eg kjenner folk som døyr av overdosar og folk som er svært sjuke. Eg les i avisene om krig og elende. Det betyr ikkje at eg må gjera noko med eiga kroppsvekt og sunnheitsgehalt. Men det er noko med motivasjonen òg. Eg et maten min på rein rutine. Eg gler meg ikkje til å eta når eg er i slike periodar av livet. Det er berre noko ein må gjera for å stogga svolten. Då er det ikkje lika morosamt.

Ein må arbeida for å få resultat. Det er ein faktor som spelar ei stor rolle i eiga helse og vekt. Men kva må til for at ein skal få denne sunne tilstanden til å verta morosam? Kva skal til for at dt skal verta morosamt å eta tørre skjever med tørt pålegg. Tynne middagar med lite feitt og lange turar i regnver og storm? Kva skal til for at eg skal gjera dette med like stor iver som om eg lagar ein olivenlasagne med deilig raudvin saman? Det er det som er det store spørsmålet.

Eg og ein kamerat har gjort ein avtale. Me skal til Roskilde i sommar, og har avtala ein ti kilo tung avtale fram til då. Vekta skal ned ti kilo til juli. Dette er eit veddemål som er tung å bera. Det er ein tung jobb, og eg vert ikkje feit av ein slik avtale. Men eg skriv det no, ikkje fordi eg skal gjera utfordringa offentleg, men fordi eg må skriva det ned og lesa det sjølv for at eg skal forstå den utfordringa og jobben eg og min beste kamerat har tatt på oss. Me får sjå korleis det går.

onsdag 11. mars 2009

Etternamn - viktig eller berre tull?

Etter at eg flytta saman med familien til Hellesøy, har eg merka ei stor forandring når det kjem til slektsnamnet mitt. Det er rett og slett forsvunne...

Mitt fulle namn er Kai Svellingen Flatekvål. Sistnemnte er slektsnamnet mitt. Det har vore befesta i fleire hundre år bakover hjå familien min på Voss. Staden Flatekvål er å finna fleire plassar. I Eksingedalen finn ein Flatekvål, som ein òg gjer på Skulestadmoen. Tipp-oldefar min, Lars Flatekvål, heitte eigentleg Ringheim. Då han var liten vart han «adoptert» til ein gard på Flatekvål, og tok difor namnet på garden som sitt eige. Heilt fram til gutane mine (som bur på Rong) har Flatekvåls-namnet vorte halde i hevd. Men Svellingen-namnet ville noko anna. i Øygarden, der me no bur, er Svellingen-namnet så befesta at det har vist seg å vera vanskeleg å innføra noko anna for min del. Eg har vore journalist i Vestnytt i to år no, og frå fyrste dag, vart eg kalla for Svellingen. Det gjekk ikkje lenger enn nokre dagar før namnet mitt var kullasta på hovudet og snudd opp ned.

Kai Flatekvål Svellingen.

Eller berre Kai Svelllingen. I går kveld var eg på jobb i Øygarden. Kommunen hadde organisert eit møte mellom kommune og næringsliv. Målet var å snakka om finanskrise, framtid for kommunen og samarbeid mellom kommune og næring. Øygarden har ei svært dyktig kulturell eining, som har vore sitt merkenamn bevisst. For ei tid attende, ba kultursjefen om å få låna nokre av bileta eg har tatt. Det fekk dei sjølvsagt, og gratis til og med, fordi eg ikkje ville profitera på kommunen som samstundes er mitt nedslagsfelt i Vestnytt. Ordførar Olav Martin Vik plukka brått fram ei annonse dei skal ha i eit blad (Fjord1) i sommar. Der var eitt av mine bilete på fronten. Ordføraren uttrykte si glede over at journalisten frå Vestnytt, KAI SVELLINGEN, hadde gjeve biletet til kommunen å bruka. Eg vart gild for skryten, og turde ikkje reisa meg opp i salen for å protestera på slektnamnet sine vegne. Kona mi, som òg sat i salen, berre humra.

Som eg tidlegare har blogga om, var eg i New York førre veke på kurs og studietur. På onsdagen var me meldt på ein konferanse med namnet Magazine 24/7 digital conference (faktisk utan breiband tilgjengeleg for deltakarane). Då me kom til hotellet om morgonen, som ligg på Times Square, fekk me namnelappar i handa slik at amerikanarane kunne ta oss i handa og preika litt piss med den norske delegasjonen.

Der sto det så fint: From Vestnytt - Kai Svellingen.

Ikkje eingong amerikanarane har fått med seg at eg heiter Flatekvål. Då er det blitt for gale. Men som eg sa til kona i går kveld, på veg heim frå jobb: «Det betyr vel ikkje så mykje dette slektsnamnet - om det er Svellingen eller Flatekvål.» Det var då ho lanserte å bytta om på heile skjiten. Kai Flatekvål Svellingen. Nei, takka meg til. Nøye treng da ikkje vera, men da får vera måte på føyelegheit.

Så la detta vera sagt. Eg heiter Kai Svellingen Flatekvål - gjedna med strek i mellom Svellingen og Flatekvål, om det vil tilfredsstilla somme gruperingar i Øygarden. Dei har i alle høve stempla meg som ein Svelling - det er kanskje eit kompliment det, eller hur?

Tenk om dotter mi ein dag (Gud forby) skulle gifta seg og flytta i frå far sin. Med bindestrek ville ho heita Maria Svellingen-Flatekvål. Så gifter ho seg med, ja - la oss kalla han - Arne Kolle-Kjørsvik. Skal då presten ropa opp: «Vil du, Maria Svellingen-Flatekvål Kolle-Kjørsvik ta denne...???»
Svaret gjev seg sjølv...
PS: Bestefar min fylte 85 år i går. Gratulerer Lars FLATEKVÅL. (riktig - slektsnamn med store bokstavar).

tirsdag 10. mars 2009

MySpace skråsikker på eiga nettside

Jeff Burman i MySpace meiner 106 millionar brukarar seier alt om populariteten til nettsamfunnet.
NEW YORK: Det var ein sjølvsikker Jeff Burman frå MySpace som presenterte nettsamfunnet for ein fullsatt sal under Magazines 24/7 konferansen i New York førre veke.
– Me representerer både mikro- og makrosamfunnet. 99 prosent av alt det me presenterer på MySpace er kva brukarane vil ha, seier marknadssjefen i MySpace til Jessi Hempel, som intervjua Burman under konferansen.
Han var lite viljug til å snakka om Facebook, som er den argaste konkurrenten til MySpace.
– Me er meir innhald, kultur og ein kontakt mellom folk. Facebook er meir det siste, sa ein motviljug Jeff Burman til forsamlinga.

Nær fem timar månaden
Den gjennomsnittlege brukaren av MySpace er på sida 4,5 timar kvar månad.
– Brukaren vert sittande lenge når han er på sidene våre. Ein vert ført langt inn i MySpace-verda - langt langt inn, smiler Burman.
85 prosent av alle brukarane av nettsamfunnet er over 18 år. 40 prosent av desse er mødre.
– Mange av desse nyttar MySpace til å sjekka opp kva borna føretek seg. Dei deler bilete og held kontakten med kvarandre, seier marknadssjefen.

Finanskrisa gjev auke
Etter at finanskrisa slo inn over det amerikanske kontinentet, har stadig fleire amerikanarar flykta inn i det virtuelle universet. MySpace har opplevd ei kraftig auke dei seinare åra, og Jeff Burman meiner krisa har mykje av skulda.
– Tidene gjer at folk leiter etter noko å flykta til. Fleire arbeidsledige sørger óg for auka trafikk, seier Burman.
Han legg til att billeg underhaldning gjer det enklare å logga seg på oftare.

Syndikalisering
MySpace er ikkje berre populært blant private brukarar. Næringslivet har óg sett verdien i å nytta seg av nettsamfunnet.
– Mange selskap syndikaliserer seg gjennom MySpace, seier marknadssjefen.
Han legger til at:
– Its about making friends and money with sosial networks.
Sjølv har eg aldri hatt nokon gode erfaringar med MySpace, sjølv om eg har laga meg ein konto der. Eg brukte den vel berre eit par gonger.

Vert det for mykje nettsamfunn å velga mellom, eller bør me ha eit stort mangfald av nettbaserte samfunn?

Eg er open for debatt. Sjølv elsker eg og hatar Fjesboka. Eg er inne der støtt og stadig, men tykkjer det er ein fæl måte å nytta tida på.

Du får ikkje lenger mjølk i butikkane

Frå i sommar heiter det ikkje lenger mjølk men melk på alle mjølkekartongane. Det har Tine bestemt. Noregs Mållag er skuffa, skriv Bergens Tidende. Eg vert rett og slett forbanna.
Frå i sommar skal alle produkta heite melk. I staden skal ein av dei åtte mjølkeprodukta til ein kvar tid ha nynorsk tekst på kartongen. Tine sjølv meiner dette vil auka nynorskbruken, men Mållaget er ikkje samd, og ifylgje lokalavisa for Bergen og fylka kring, har dei kjempa mot denne diskrimineringa av nynorskbrukarane. Det er vel rett å spørra kvifor Tine meiner at det vil verta meir nynorsk på mjølkekartongane, når dei fjerner sidemålslogoen i sjølve namnet.

Me har to målformer i Noreg, og det er difor naturleg å nytta begge på produkt som vert seld frå nord til sør. Tine proklamerer at lik logo vil gje auka effektivitet for selskapet. Det kan eg verkeleg ikkje forstå. No trur eg ikkje at mjølka smakar noko dårlegare med bokmålslogo utanpå kartongen, men dette handlar om prinsipp. Dersom Tine vil fremja nynorsk, kvifor kvitter dei seg ikkje med bokmålslogoen i staden for?

Så, kjære effektive kommunikasjonssjef Olav Håland i Tine. Ver gild og kommuniser til dine overordna at det vil spara like mykje emballasje og logistikk om dykk kun nyttar nynorsk på produkta dykkar.

Då hadde Tine plassert seg sjølv i nynorskhimmelen og historieboka til sjølvaste Ivar Aasen.

mandag 9. mars 2009

Bloggens makt

Eg har nettopp sendt ein personleg tekst til sjølvaste forfattar Neil Gaiman. Han er på Twitter, i tillegg til at han har eigen blogg. I går publiserte han ei trist melding til alle lesarane hans. Far hans døydde brått. Dermed hagla det inn med meldingar på Twittergruppa hans, og i dag sendte han ein takk til alle som tenkte på han i sorgens augneblink.

Det fekk meg til å tenka. Me bur i ei svært lita verd. Det er så enkelt å koma seg fram, om det er virtuelt eller i den ekte verda.

Eg var i New York førre veke på eit Stup-finansiert kurs om onlinemagasiner i USA. Eg og kursleiar, Ståle de Lange Kofoed var på basketkamp tysdagskvelden, og me stakk innom ein skobutikk på vegen til hotellet. Eg held på å gå i ein kar og kikkar opp på han. Der står ein tidlegare kjelde av meg, Siver Stendahl, rett framføre meg. Han trur heller ikkje at eg står der, og me begge snur oss for å gå vidare, men så stoggar me opp og byrjer le høgt. Det er dette eg tenkjer på når eg seier at verda er liten. Eg kan sende kondolansar til ein av verdas største forfattarar og eg kan møta kjentfolk i sjølvaste NYC. Wow. Eg er imponert over kor enkelt det er.

Der var eg på nett.

For dei som ikkje veit kven eg er, så har eg lite som freister på bloggen akkurat no. Men det kjem kanskje noko. Ein debatt eg var inne i på førre vekes tur til New York, var om journalistar kan og bør ha eigne bloggar. Ein kollega av meg, Astrid Meland, har eigen blogg. Samstundes arbeider ho i Dagbladet.no. Eg meiner journalister bør ha fullt høve til å ha sine eigne bloggar. Journalistar er på jobb mange timar i døgeret, og me skal då vera uhildra og objektive frå A til Å. Difor kan det ofte vera forløysande å ytra sine eigne meiningar på ein blogg. Kva seier DU?

Wow. Oppstart!

Så er sit eg då. Nyfødd bloggar med tunge meiningar innabords. Etter å ha vore på tur til New York har bloggen si rett til eksistens blitt revitalisert i mitt hovud. Eg har sett bloggerlyset og medgjev at blogging er eit godt medium å nytta seg av. Skal difor gje det heile ein sjanse.