mandag 16. mars 2009

Kristendom og poker

Eg gjekk med ein Pokerstars-gensar på arbeid førre fredag. Det var i utgangspunktet ein heilt vanleg gensar, og eg tenkjer ikkje vidare over om det er viktig for andre kva eg går med eller ikkje. På arbeidsstaden min deler me kjøkken med eitt anna firma. Eg skal ikkje nemna namn, men det er ein kristeleg organisasjon, av den lutheranske typen. Eg har mange gode vener der, som eg respekterer. Eg har hatt mange morosame diskusjonar om temaet kristendom med desse. Sjølv er eg katolikk. Eg har vore det sidan 2004. Dei siste åra har eg ikkje definert meg sjølv som aktiv (som går i kyrkja minst ei gong i veka), men eg har trua inntakt, og er sikker på det valet eg gjorde for mange år sidan.

Eg spelar i tillegg poker. Det har eg gjort i like mange år, og kanskje litt før eg konverterte. Pokerspelet begrensar seg til litt nettpoker og tre, fire kortkveldar på heimebane i månaden. Det er ikkje mykje pengar det er snakk om, og det er det sosiale kring kortspelet som er viktigast.
Eg og ein kamerat dreiv ei stund pokermagasinet.no. Hobbybasis, korkje meir eller mindre.

Denne fredagen kom eg med denne gensaren på meg. Ein frå denne kristelege organisasjonen kikka opp på meg og smilte lurt. «Tener du mykje? Hehe. Desse katolikkane (vendt mot sine eigne kollegaer) kan gjera kva som helst. Det er berre å få tilgjeving.» Humrande stemmer eg i med den vennskapelege kilevinken, og seier at det er lettare å vera syndar som katolikk enn som protestant. Sjølv om eg er overtydd over at denne kommentaren, og den polemikken som utspant seg i løpet av nokre korte minutt i lunsjen førre fredag var spøk, sat eg att med ei kjensle over at eg vart sett litt ned på fordi eg først og fremst er katolikk, men då ein katolikk som spelar poker.

I tidlegare tider var poker og alt som hadde med kort å gjera synd. Eg har høyrt historier om bestemødre som har snudd i døra og gått rasande heim då dei har oppdaga at borneborna spelar vri åtte. Eg er av den oppfatning at poker ikkje er synd. Spelet har så mange nivå - alt frå sunn sosial poker til hardcore knalltøff cashpoker med mange tusen kroner involvert. Men det føltes litt rart der eg sto - med gensaren frå PokerStars - hengande kring kroppen, medan eg måtte forsvara pokerspel som katolikk. I eit par sekund der var det eg som var bornebornet med kortstokken i hånda og ei sint bestemor med kristen syndeflod bølgande mot meg. Det skal jaggu meg ikkje vera enkelt.

2 kommentarer:

  1. Ikke la antipatriarkaten på kontoret for moral og meningsløshet legge noe skyldfølelse på dine skuldre Kai. Det er ikke din feil at noen fremdeles lever og tenker som dem gjorde på 1800 tallet.

    Tobben

    SvarSlett