
Me har to målformer i Noreg, og det er difor naturleg å nytta begge på produkt som vert seld frå nord til sør. Tine proklamerer at lik logo vil gje auka effektivitet for selskapet. Det kan eg verkeleg ikkje forstå. No trur eg ikkje at mjølka smakar noko dårlegare med bokmålslogo utanpå kartongen, men dette handlar om prinsipp. Dersom Tine vil fremja nynorsk, kvifor kvitter dei seg ikkje med bokmålslogoen i staden for?
Så, kjære effektive kommunikasjonssjef Olav Håland i Tine. Ver gild og kommuniser til dine overordna at det vil spara like mykje emballasje og logistikk om dykk kun nyttar nynorsk på produkta dykkar.
Då hadde Tine plassert seg sjølv i nynorskhimmelen og historieboka til sjølvaste Ivar Aasen.
Vi vil ha mjølk! http://www.facebook.com/home.php?#/group.php?gid=72080921954&ref=mf
SvarSlettFint du tok dette opp, Kai. Eg brukar å seie at nynorsk skriftspråk er kulturarv og at dei kulturar og sub-kulturar som gjev kall på kulturen sin viser ukultur - og vil gå til grunne. Som med romarriket, inkariket og det tredje riket. Og det heiter jo ikkje kultur-mjølk for ingen ting.
SvarSlett"Mjelk" er no best tykkjer eg, for mjølk høyrest jo ikkje drikkande ut, og er verkeleg ei gåve til 1-skriftform-debatten, når eg tenkjer meg om. Forresten er eg slutta eg med alle "melke"-produkt.
Ja, eg er lærar og skriv om det istaden.
Flott, Kjetil. Du er ein vyrdsam kar med gode poeng og flotte retoriske vendingar. Godt du skriv her på bloggen òg.
SvarSlett