søndag 2. mai 2010

Dagen eg vart gamal


Eg kjøpte den amerikanske filmen Avatar her for nokre dagar sidan. Planen var å sjå den saman med gutane mine, men då eg presenterte laurdagens planar, hadde dei sjølvsagt sett den opp til fleire gonger. Men nok om det. Me såg den i alle høve. Det var då eg brått kjente at eg var gamal.

Avatar handlar om menneskets reise til ein planet fem år vekke frå jorda. Planeten er sjølvsagt bebudd av høge blåaktige og godt animerte skapningar. Mennesket har funne ressursar dei treng, og med militær makt skal dei få tak i desse ressursane - kosta ka det kosta vil.

Det som slo meg gjennom heile filmen, medan gutane sat og sa ting som; «wow for ein film,» og «dette er kult,» så kjente eg plottet så altfor godt. Kvifor? Jo, fordi eg har sett denne filmen hundrevis av gonger. Eg har sjølvsagt ikkje sett Avatar så mange gonger, men eg har sett denne storyen utallege gonger. Den kvite mann som drog til Amerika og bekjempa indianarane. Vestlige imperialistiske styresmakter som robba Afrika for ressursar. James Cameron har sjølvsagt laga filmen i god slik stil. Dei lokale innbyggarane av planeten Pandora må kjempa mot menneskets nyaste teknologi med pil og boge. Dei er tilsynelatande villmenn utan særleg intelligens eller noko anna som gjer at dei kan hevda sin rett. Men dei vinn sjølvsagt til slutt, og «the evil human kind» tapar. Dette er mann mot ny rase. Dei har rett og slett bytta ut meksikanaren eller den facisitiske tyskaren med amerikansk militærmakt.

Det er dette som slo meg i går då eg såg filmen. Plottet var ikkje så vanskeleg å avsløra. Det er ein klassisk historie om onde krefter som tapar mot gode, men det som var så hardt å svelga, var at eg kunne sitta i sofaen og hugsa indianarfilmar då eg var liten - indianarfilmar som hadde akkurat den same historia i botn.

Då føler eg meg gamal då...