onsdag 11. mars 2009

Etternamn - viktig eller berre tull?

Etter at eg flytta saman med familien til Hellesøy, har eg merka ei stor forandring når det kjem til slektsnamnet mitt. Det er rett og slett forsvunne...

Mitt fulle namn er Kai Svellingen Flatekvål. Sistnemnte er slektsnamnet mitt. Det har vore befesta i fleire hundre år bakover hjå familien min på Voss. Staden Flatekvål er å finna fleire plassar. I Eksingedalen finn ein Flatekvål, som ein òg gjer på Skulestadmoen. Tipp-oldefar min, Lars Flatekvål, heitte eigentleg Ringheim. Då han var liten vart han «adoptert» til ein gard på Flatekvål, og tok difor namnet på garden som sitt eige. Heilt fram til gutane mine (som bur på Rong) har Flatekvåls-namnet vorte halde i hevd. Men Svellingen-namnet ville noko anna. i Øygarden, der me no bur, er Svellingen-namnet så befesta at det har vist seg å vera vanskeleg å innføra noko anna for min del. Eg har vore journalist i Vestnytt i to år no, og frå fyrste dag, vart eg kalla for Svellingen. Det gjekk ikkje lenger enn nokre dagar før namnet mitt var kullasta på hovudet og snudd opp ned.

Kai Flatekvål Svellingen.

Eller berre Kai Svelllingen. I går kveld var eg på jobb i Øygarden. Kommunen hadde organisert eit møte mellom kommune og næringsliv. Målet var å snakka om finanskrise, framtid for kommunen og samarbeid mellom kommune og næring. Øygarden har ei svært dyktig kulturell eining, som har vore sitt merkenamn bevisst. For ei tid attende, ba kultursjefen om å få låna nokre av bileta eg har tatt. Det fekk dei sjølvsagt, og gratis til og med, fordi eg ikkje ville profitera på kommunen som samstundes er mitt nedslagsfelt i Vestnytt. Ordførar Olav Martin Vik plukka brått fram ei annonse dei skal ha i eit blad (Fjord1) i sommar. Der var eitt av mine bilete på fronten. Ordføraren uttrykte si glede over at journalisten frå Vestnytt, KAI SVELLINGEN, hadde gjeve biletet til kommunen å bruka. Eg vart gild for skryten, og turde ikkje reisa meg opp i salen for å protestera på slektnamnet sine vegne. Kona mi, som òg sat i salen, berre humra.

Som eg tidlegare har blogga om, var eg i New York førre veke på kurs og studietur. På onsdagen var me meldt på ein konferanse med namnet Magazine 24/7 digital conference (faktisk utan breiband tilgjengeleg for deltakarane). Då me kom til hotellet om morgonen, som ligg på Times Square, fekk me namnelappar i handa slik at amerikanarane kunne ta oss i handa og preika litt piss med den norske delegasjonen.

Der sto det så fint: From Vestnytt - Kai Svellingen.

Ikkje eingong amerikanarane har fått med seg at eg heiter Flatekvål. Då er det blitt for gale. Men som eg sa til kona i går kveld, på veg heim frå jobb: «Det betyr vel ikkje så mykje dette slektsnamnet - om det er Svellingen eller Flatekvål.» Det var då ho lanserte å bytta om på heile skjiten. Kai Flatekvål Svellingen. Nei, takka meg til. Nøye treng da ikkje vera, men da får vera måte på føyelegheit.

Så la detta vera sagt. Eg heiter Kai Svellingen Flatekvål - gjedna med strek i mellom Svellingen og Flatekvål, om det vil tilfredsstilla somme gruperingar i Øygarden. Dei har i alle høve stempla meg som ein Svelling - det er kanskje eit kompliment det, eller hur?

Tenk om dotter mi ein dag (Gud forby) skulle gifta seg og flytta i frå far sin. Med bindestrek ville ho heita Maria Svellingen-Flatekvål. Så gifter ho seg med, ja - la oss kalla han - Arne Kolle-Kjørsvik. Skal då presten ropa opp: «Vil du, Maria Svellingen-Flatekvål Kolle-Kjørsvik ta denne...???»
Svaret gjev seg sjølv...
PS: Bestefar min fylte 85 år i går. Gratulerer Lars FLATEKVÅL. (riktig - slektsnamn med store bokstavar).

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med vel overstått til Lars! Sjølv har eg to etternamn, og trivst godt med begge to. På eit tidspunkt vurderte eg å ta med etternamnet til bestemora mi; Storegraven, eit staseleg namn, meiner eg. Eg fann derimot ut at det vart litt i meste laget med tre etternamn, J. Storegraven Helleland Ådnanes vart ein litt tungvint måte å presentera seg på.

    SvarSlett
  2. Da var jeg med, så nå kan du ikke annet enn å forvente mange, frekke, tåpelige, tullete kommentarer. Du ba jo om det.

    Det heter kanskje ein kompliment, eller hur? Kjønn er kanskje ikke så viktig i dagens samfunn? Godt er det. Jeg ser mellom fingrene på denne leifen.
    I Finland kaller man mennesker som er korrekturleser på privaten for "kommaknuller"- som om ikke kommaet er viktig?

    Drep han ikke, vent til jeg kommer.
    Drep han, ikke vent til jeg kommer.
    Vi boner, ikke gå inn.
    Vi boner ikke, gå inn.

    SvarSlett
  3. Hehe. kommaknuller. Det er noko feilerotisk over det ordet. Men takk for at du følger meg på bloggen. Eg gleder meg til slakt og ros osv.

    SvarSlett