torsdag 12. mars 2009

Kai, tørre skjever, trim og feitakudla

Det er ikkje noko problem å gå turar når veret og kveldane er slik. Foto: Kai

Eg har begynt å eta sunt. Det har vore på tide ganske lenge, men det har faktisk aldri blitt noko av. Måndag byrja eg att med sunt kosthald og mykje kroppsleg aktivitetar. Eg går turar kvar kveld. Ei halv mil - frå huset og til Hjelme kyrkje. Det er berre så utruleg trist at når eg må kutta alt det som er «godt», eller som får maten til å smaka litt betre, så blir eting ei kjedeleg prosedyre. Kvar morgon lagar eg meg seks blingsar med kjøttpålegg. Det er det eg får i meg før eg kjem heim og lagar middag. Eg vil ikkje bli slik.

Det fell ned til dette. Enten så et eg kva eg fandens meg vil, og blir feit som ein gorilla, eller så sagar eg meg gjennom tørre skjever med tørt pålegg og held vekta på eit akseptabelt nivå. Trimmar eg i tillegg så går eg ned. No er vektreduksjon ikkje det viktigaste. Men eg kjenner meg så mykje betre når eg har fått trimma litt. Eg kjenner det på sjølvkjensla og eg merkar det på humøret.

Etter ein vinter med storm kuling og regn i vannrett stilling, har det no blitt enklare å gå turar i hurtig tempo med to stigningar, som gjev meg fruktsam pulshøgde. Eg føler det enklare å trimma no når véret er betre. Men det er då atter ein gong plagande rart at det er «kjedeleg» å gjera slike tiltak. No tar det riktignok langt tid å verta feit, om ein ikkje tar omsyn på kva ein et og kor mykje ein bevegar seg, men det tar jaggu meg lang tid å redusera på vekta og auka sunnheitsfaktoren i kroppen òg.

Dette er trivielle problem. Eg kjenner folk som døyr av overdosar og folk som er svært sjuke. Eg les i avisene om krig og elende. Det betyr ikkje at eg må gjera noko med eiga kroppsvekt og sunnheitsgehalt. Men det er noko med motivasjonen òg. Eg et maten min på rein rutine. Eg gler meg ikkje til å eta når eg er i slike periodar av livet. Det er berre noko ein må gjera for å stogga svolten. Då er det ikkje lika morosamt.

Ein må arbeida for å få resultat. Det er ein faktor som spelar ei stor rolle i eiga helse og vekt. Men kva må til for at ein skal få denne sunne tilstanden til å verta morosam? Kva skal til for at dt skal verta morosamt å eta tørre skjever med tørt pålegg. Tynne middagar med lite feitt og lange turar i regnver og storm? Kva skal til for at eg skal gjera dette med like stor iver som om eg lagar ein olivenlasagne med deilig raudvin saman? Det er det som er det store spørsmålet.

Eg og ein kamerat har gjort ein avtale. Me skal til Roskilde i sommar, og har avtala ein ti kilo tung avtale fram til då. Vekta skal ned ti kilo til juli. Dette er eit veddemål som er tung å bera. Det er ein tung jobb, og eg vert ikkje feit av ein slik avtale. Men eg skriv det no, ikkje fordi eg skal gjera utfordringa offentleg, men fordi eg må skriva det ned og lesa det sjølv for at eg skal forstå den utfordringa og jobben eg og min beste kamerat har tatt på oss. Me får sjå korleis det går.

1 kommentar:

  1. Me får sjå kor det går??? Hahaha! Betyr det at jeg leder??? Av ti kilo er jeg 15 prosent på vei allerede. Æddabædda! :)

    SvarSlett