mandag 30. mars 2009

Fordømt idiotkøyring

Dette er ei melding til alle de ungdom som har sertifikat, og som ikkje forstår at ein kan døy av å køyra for fort.

Det er blitt nokre månader sidan eg flytta ut i Øygarden. Sidan då har eg pendla til og frå arbeid på Straume. Det tek meg kring 40 minutt - pluss minus. I førre veke kom eg køyrande, som vanleg, kring kvart på åtte om morgonen mot Ågotnes. Det er ein sving rett før Ågotnes, der fartsgrensa vert anbefalt ned til 50 kilometer i timen. Det er ein krapp sving, som eg ofte senker farten når føret ikkje er bra. Denne særskilte morgonen var det heilt greitt føre, og eg køyrte som vanleg med radioen på og eit smil lurande i munnvikende. Det var nemleg vår i lufta og eg vert alltid glad når våren kjem på sine første vitjingar.
Men så kjem bilen. I motgåande felt kjem du susande mot meg i MI køyrebane. Farten er så stor at eg omtrent får hjartestans når eg ser bilen koma mot meg. Vedkommande sjåfør kastar seg inn i eigen køyrebane, og klaringa er nokre få centimeter frå min eigen bil. Attende sit eg i bilen med ein følelse av at livet brått kunne enda der og då. Eg køyrde i fartsgrensa, og han rasa langt over fartsgrensa. Det hadde vore slutt på flekken. Idioten, om eg får vera så ærleg å kalla deg det, hadde ikkje gjeve meg tid til å få livet mitt passera i revy før det var slutt. Det gjekk så ugudeleg fort, og eg kan ikkje forstå kvifor. I etterkant har eg tenkt på dette. Kva i alle dagar er det som går gjennom skolten på desse folka. Det må då vera eit minstekrav for å få sertifikatet på bil å ha ein hjerne som fungerer. Er det slik at den sluttar å fungera når ein set seg i bilen utan køyrelærar eller sensor?
Vedkommande kom seg nok heim eller til jobb denne morgonen òg. Ellers ville nok eg eller nokre av mine kollegaer skrive om det i Vestnytt. «28-åring køyrte seg i hjel» eller «Øygardens trafikkdrepte nummer…» og så vidare.
Det er diverre ikkje første gongen eg opplever ein nær-døden-oppleving på vegen mellom arbeid og heim. Det er faktisk tredje gongen eg opplever dette. Første gongen var det ein idiot av ein ungdom som kom inn i Kolltveittunnelen. Eg, kona og begge jentungane mine var i tunnelen på veg mot Straume. Inn i tunnelen kjem ein ungdom i ei gamal kasse av ein bil. Han kjem så fort inn i svingen at han faktisk (og eg overdriv ikkje) kjem seglande på to hjul over i motgåande køyrebane. Av ein eller annan merkeleg grunn klarar han å koma seg på alle fire, og veggrepet på den gamle skranglekassa hans reddar liva våre. Hadde han mista kontrollen, så hadde han etter alle høve brasa inn i tunnelveggen, for så å treffa oss med full tyngde. Me hadde truleg vorte drept heile gjengen.
Andre gongen eg opplevde dette var òg ein ungdom. Dette var rett utanfor den same tunnelen. Eg var på jobb og på veg inn i tunnelen, og traff ein elektrikarbil, med ein ungdom inni i motgåande. Mannen hadde så stor fart i svingen at han omtrent vart kasta over i mi køyrebane, før han klarte å slingra seg inn i eigen bane då han passerte meg.
Eg treng ikkje gjenta banneorda som rann ut or munnen min den dagen - eller dei andre gongene for den sakas skuld.
Det får vera grenser. Det er ikkje rart me har høge tal i dødsstatistikken på trafikkdrepte. Folk må ta med seg hovudet når dei set seg i bilen. La meg gje dykk tre, som heldt på å drepa meg og min familie, ei melding. Ikkje oppfør dykk som supermenn. For det er dykk ikkje. Trafikkidiotar er heller eit meir nærliggande begrep å nytta på dykk.
Samstundes vil eg koma med ei bøn til all ungdom med sertifikat, og som klør i høgrefoten når de køyrer på vegane med dei gamle bilane dykkar:
– Ver så snill og tenk når de køyrer. Eg har så utruleg lite lyst å ta bilder av restane av den knuste bilen dykkar. Eg har så lite lyst å skriva om at nettopp DU er drept fordi du køyrde for fort.

2 kommentarer:

  1. Lite man kan gjøre med dette problet uten at politiet tar tak på de rette stedene. Men det må være lov til å ønske seg at ungguttene - spesielt - tar ut testosteronet sitt på noe annet enn gasspedalen. Kanskje de kan prøve seg på de lokale damene i stedet...

    SvarSlett
  2. døde blogg-ånden din i mars? ;-)ove som skriver forresten

    SvarSlett