lørdag 28. mars 2009

Nokon fleire?

Frå den tida eg var liten sprett heima på Voss, hugsar eg ei særskilt historie. Eg var på Vangen med foreldra mine, og eg var ganske nøygd med det. Det var ikkje så ofte at me småongane fekk vera med å spasera i vangsgata, men denne laurdagen var eit unnatak.

Medan me gjekk bortover gata, såg eg brått ein tunglasta personbil parkera rett ved sida av der me sto. Inne i bilen var det skoddehav, er det næraste eg kjem ei forklaring på korleis det såg ut. Alle fem dørene opna seg og ut velta det den eine ungen etter den andre. Foreldra kom dettande ut - tett fulgt av ein drøss med onga. Det var som om det varte i ei heil æve, der eg sto, liten som ein plugg, og kikka på denne massen av kroppar som elta seg ut av den stakkars Volvo Amazonen av fargen brun. Hugsar eg ikkje heilt feil, var det minst hundre smårollingar som spratt ut. Det er eigentleg eit rart minne, men eg klarer enno ikkje, og det no 27 år seinare, å rista av meg dette synet.

Ikkje berre var dei mange, denne stakkars familien, men det tok så jækla laaaaaaaaaang tid å få dei ut òg. Då dei endeleg sto utanfor bilen, frå A til Å, som ei lang rekke med tripp-trapp tresko, så såg eg kor mange dei var. Fire onga og to foreldre. Jeeezes tenkte eg. Så mange onga skal eg aldri ha. Herregud det er jo ein heil barnehage, nesten.

Vel, karmapolitiet banker somme tider på døra til dei som ler av andre. I dag kom det ein bil køyrande til Tjeldstø i Øygarden. Bilen parkerte utanfor den lokale landhandlaren, og ut av bilen velta det den eine ongen etter den andre - tett fulgt av ein morgontrøytt far...

...det var meg det, gitt, med fire onga på slep. So kan da gå :-)

1 kommentar: