Viser innlegg med etiketten Vancover. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vancover. Vis alle innlegg

onsdag 17. februar 2010

Ursäkta Sverige


Det er flaut å vera nordmann.

Vanlegvis er eg ein stolt nordmann. Eg er stolt over nasjonen. Eg er stolt over å vera norsk.

Eg har gledd meg til OL.
«Truleg mange gull på Noreg», har sportsjournalistar og utøvarar lova høgt og tydeleg i pressa i mange månader.

Eg er sjølv journalist, og veit kor enkelt det er å hausa opp heltane våre. Det er det lesarane vil ha. Me vil ha heltar i ei tid der tida ikkje strekk til. Me vil ha forbilde i ei tid der alt er stress, jobben verker etter resultat og ungane skrik på meir enn dei har. Me vil sitta oss ned framføre fjernsynet og sjå den eine norske utøvaren banka inn gull etter gull. Kanskje eit sølv, og til naud ein bronse. Men alt bak er fy. Då snakkar me fallitt, og alt som ikkje endar på pallplass, har ein ikkje snakka om - her i Noreg.

Når OL startar opp, og den eine sjølvgode idrettsutøvaren etter den andre floppar i sporet, med dårleg skismurning eller dårleg sikte, så sit eg der og tenkjer. Jaja. Opp som ein hjort og ned som ein lort.

Så lenge det er svenskar som vinn, tenkjer eg. Men så høyrer eg på utøvarane. Emil Hegle Svendsen er sur for at ein svenske tok gullet. I eit radiointervju med NRK er han tydeleg ikkje glad for at ein representant frå nabolandet vårt har vunne. Han er direkte sur og legg ikkje noko i mellom for å skjula det.

Då vert eg kvalm, og ber herved om unnskyldning, Sverige.

Me er så fulle av oss sjølve, at me ikkje klarer å gleda oss over at andre vinn når me ikkje klarar målet sjølv. Me er sinte og frustrerte over smørarar og bommar, og me klarer ikkje å sjå at svenske idrettsutøvarar er betre enn oss sjølve

Når me ikkje vinn, så må det for fanden vera bra at naboen vår vinn.

Eg ser for meg at eg og naboen min på Hellesøy deltek i eit lokalt skirenn i Øygarden. Mange innbyggarar i heile kommunen deltek, og eg går for å vinna. Men så bommer eg. Eg bommer på smørninga og eg bommer på kondisen. Min 43. plass går ikkje upåakta hen, fordi eg har lova dyrt og hellig i Vestnytt at eg skal vinna, og eg kjem til å vinna fordi eg er best, best, best.

Og så vinn eg ikkje. Men naboen min vinn. Han har gått stille i dørene. Han har trent hardt og han knuser all motstand og vinn det lokale skirennet i Øygarden. Så kjem Vestnytt bort til meg og spør: Korleis er det at naboen din vinn, og ikkje du?
Eg er sur og vil helst ikkje svara: Så lenge EG ikkje vinn, så skal ingen vinna, og særskilt ikkje naboen min.

Er det slik me skal vera. Ein surmulande nasjon som ikkje toler at andre vinn, og særskilt ikkje våre nærmaste naboar.

Eg seier berre ein ting. HEIA SVERIGE. Alle medaljar de kjem til å vinna i OL er dykk vel unt. Men spør me Egil Hegle Svendsen og dei andre sure juniorane, så heiter det vel «...vel misunt»!