tirsdag 27. april 2010

Om blomsterplukking på Danskebåten


Eg skulle til England i slutten av april. Ein fotballkamp mellom Manchester United og Tottenhan låg og venta på meg i øyriket. Men ein askehaug frå konkurstrua Island sette ein stopper for den turen, og eg måtte fint akseptera at nokon flytur vart det ikkje noko av.
Men eg var oppsatt på tur, og på tur skulle eg, om eg så måtte køyra langt og lenge.
Eg ringte til ein kamerat i Stavanger, som er både fri og frank.
«Skal me fara på Danskebåten,» spurte eg med von i stemma.
«Eg er med,» svara han kontant.
Dermed gjekk turen til Stavanger der kameraten min for tida bur. Eg sette meg rett og slett i bilen og køyrde av stad. Fem timar seinare, sat me i den vesle leiligheita hans og smakte på raudvin frå California.
Men det var den komande dagen at den store turen skulle vera. Danmark - det forgjettede land for einkvar som ynskjer underhaldning på båt og tollfrie varer. Med billettar til både båt og buffet, spankulerte me ombort på den raude ferga som skulle føra oss til våre naboar i sør, Danmark.
Det skulle verta ein tur utan sidestykke. Eit freakshow som hadde vore fjernsynsskjermen verdig.
Det dreier seg nemleg om fylla for passasjerane på Danskebåten. Dei var fulle når dei kom, dei vart endå fullare under buffeten der ein kunne både drikka og eta så mykje ein ville - og det heilt til klokka ti.
For då klokka var slagen og servitørane jaga folk ut, likna det meir på eit årsmøte for folk utan balanse-evne enn ein restaurant.
Sjølv var eg og kameraten min på veg til å verta skeive sjølve, men me var ikkje komen i autopilot-modus enno. Det kunne me ikke seia om våre medpassasjerar.
I løpet av kvelden vart det våtare og våtare, og då snakkar eg ikkje om utanfor båten.
Eg og kamerat Arne flytta oss frå baren til diskoteket, frå diskoteket til baren og attende - opptil fleire gonger i løpet av kvelden. Grunnen var enkel. Me fulgte med på dei særaste karakterane. Dei som sloss. Dei som var sjalu. Dei som krangla om kjerringane til andre. Dei som vart jaga ut. Dei som kasta drinkane i andletet på fulle kvinnfolk, og sist men ikkje minst, dei som sto på scena og breka coverlåtar med tung austeuropeisk aksent.
Dei einaste som sat roleg og kikka kring seg var tyskarane. Dei som har vore i Noreg og fiska sjøen tom, og som på Danskebåten satt og drakk opp sine siste ølflasker dei sjølve hadde smugla inn frå heimelandet.
Eg og Arne sat oss ned attmed nokre av desse. Arne såg det. Eg såg det ikkje, korkje med ein gong eller då den hyggelege tyskaren ved sida av meg forsøkte å skjenke meg under bordet med tysk snhapsch. For tyskaren ved sida av meg ville sjå og klå på tatoveringane mine. Han ville óg syna sine. Eg skjønte rett og slett ingenting før den hyggelege tyskaren byrja beføla nakken min. Då sa Arne til meg.
«Eg trur han vil plukka blomsten din.»
Sjølv var eg ikkje klar for å gå ned i hockeystilling og få «blomsten» plukka, så eg reiv meg laus frå den tyske beiler og stakk frå åstaden så snart eg kunne.
Haraballet fortsatte på Danskebåten, lenge etter at eg og kamerat Arne hadde funne roen i lugaren - kring klokka tre om natta.
Berre tre timar seinare vart me spent ut av lugaren og ut i gold og kaldt dansk landskap. Det synte seg at me ikkje hadde lugar meir enn den eine vegen, og resultatet var eit ublidt møte med Danmark i ein tilstand eg ikkje tykkjer behov for å skriva om her.
Nokre pinefulle timar seinare var me attende på Danskebåten. Eg praia ein lugar til 350 kroner, og me somna tungt inn att då Danskebåten la frå kai.
Laurdag kveld klokka åtte la det raude skipet med ein haug bakfulle jærbuer, nokre svært metta båt-tilsette, ein vossing og ein bergensar klar til å stikka frå Danskebåten - eit freakshow utan sidestykke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar